Tek gjerne imot endå fleire lærlingar

– Eg synest eigentleg at dette er verdas beste linje fordi ein får jobberfaring tidleg i livet. Og så er den skreddarsydd for dei som vil gå meir skule, seier Daniel Steinagard.

Lærlingar: William Hodnefjell (f.v.), Lovise Blålid Refvik, Daniel Steinagard og Karina Hausle Førde er lærlingar ved Marine Harvest sine anlegg i Rundereimstranda i Selje og i Juvika i Bremanger. Dei tre første er YSK-elevar, medan Hausle Førde har gått naturbruk og akvakultur. Foto: privat 

Nyheter

Han er YSK-lærling ved Marine Harvest sitt anlegg i Rundereimstranda. Yrkes- og studiekompetanse (YSK) ved Måløy vidaregåande skule gir elevane både spesiell studiekompetanse og fagbrev, der ein kombinerer arbeid i bedrift med å gå på skule. Steinagard er på sitt fjerde og siste år som YSK-elev, og er rimeleg sikker på at han vil jobbe innanfor næringa.

– Eg kan tenke meg å gå havbruksteknologi for å utvikle nye produkt til næringa. Eg vil i alle fall jobbe i næringa, anten som driftsteknikar eller høgare opp i systemet, seier han.