Trur ny plan kan gi berekraftig jakt

Rune Eriksen, leiar for Refvik jaktlag, trur den nye bestandsplanen for ytre Nordfjord vil føre til ei meir berekraftig jakt fordi jegerane sjølve får eit større ansvar for kva dyr dei skal hauste.

Hjortejakt: John Inge Refvik (f.v.), Rune Eriksen og Kent Rune Bugjerde er blant dei ivrigaste jegerane i Refvik. I løpet av dei fem første dagane hadde jaktlaget i Refvik tatt ein hjort. – Jakta handlar om det sosiale og ha det kjekt i lag, seier Eriksen. Foto: Janne Weltzien Listhaug 

Nyheter

– Viltnemnda har akkurat vedteke den treårige bestandsplan, Ytre Nordfjord bestandsplanområde. Det er etter ønske frå jegerane sjølve. Den går ut på at du får tildelt ein viss mengde dyr over eit treårsperiode. Så får jaktlaga meir ansvar for å hauste dei rette dyra. Det er vi som går i terrenget, og ser kva dyr som er der, seier jeger Rune Eriksen.

Med den nye bestandsplanen, så får til dømes jaktlaga i Refvik og Raudeberg tildelt ein viss sum dyr over eit treårsperiode i staden for den årlege kvoten.