– Den største forskjellen på det Frivilligsentralen gjer og det den nye Frisklivssentralen skal drive med er at friskliv-satsinga er eit behandlingstilbod medan Frivilligsentralen er eit ressurssenter som hjelper folk med å finne organisasjonane og aktivitetane som passar for det, seier leiar i Eid frivilligsentral Astrid Grete Torheim.
Kommunen fekk i vår eit tilskot på 250.000 kroner frå Fylkesmannen til å opprette ein frisklivssentral. No er arbeidet godt i gong, og ein 20 prosent ressurs vil jobbe med kartlegging og utvikling av tilbodet til ein får tilsett ein frisklivskoordinator 1. februar.