Stor næringsaktivitet gjev dei oppgang

God tilgang på oppdrag frå Elkem og Steinvik Fiskefarm gjer at Svelgen Bygg AS rir på ei medgangsbølgje.

Verket gjev ringverknader: Ein del av dei 16 tilsette i Svelgen Bygg samla på kaia i sentrum der dei har base, framfor den største oppdragsgjevaren - Elkem Bremanger. Frå venstre Mariuz Jereczek, Grzegorz Wesolowski, Michal Szymikowski, Kenneth Trædal, Adam Frankowski og Jostein Eimhjellen. ALLE FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD 

Nyheter

Selskapet omsette for 11,6 millionar kroner i 2017 og leverte eit resultat før skatt på 352.000 kroner. Omsetnaden er opp tre millionar kroner på to år. Ifølgje eigar Jostein Eimhjellen (43) ligg aktiviteten i år an til å løfte omsetnaden ytterlegare.

Det moderate årsresultatet heng saman med måten eigar Eimhjellen har organisert selskapsstrukturen på. Han eig Svelgen Bygg 100 prosent gjennom selskapet Bu og Fritid AS. Dette selskapet driv med oppkjøp, rehabilitering og utleige av bygg i Svelgen. Mellom anna eig selskapet Svelgen Eiendom AS som eig bygningsmassen til Bremanger Fjordhotell. Fleire av dei store, karakteristiske trebygningane i sentrum ligg også i dette selskapet.