Skal vurdere leiarmodellen ved lokalsjukehusa

Stadleg leiing ved Nordfjord og Lærdal sjukehus har no fungert i høvesvis tre og to år. Eit prosjekt i Helse Førde skal i haust vurdere om leiarmodellen fungerer godt nok, eller om det er behov for å endre eller justere denne funksjonen ved lokalsjukehusa.

Stadleg leiing ved Nordfjord og Lærdal sjukehus har no fungert i høvesvis tre og to år. Eit prosjekt i Helse Førde skal i haust vurdere om leiarmodellen fungerer godt nok, eller om det er behov for å endre eller justere denne funksjonen ved lokalsjukehusa, skriv Helse Førde i ei pressemelding. 

Nyheter

Det skriv helseføretaket i ei pressemelding.

Målet med prosjektet er å sikre at dei stadlege leiarane ved lokalsjukehusa har ei tydeleg rolle og avklart ansvar i Helse Førde sin leiarstruktur.

- I dette ligg at vi må vurdere om det er behov for å endre på dagens modell, og i så fall tilrå ein framtidig modell og kva konsekvensar ei eventuell endring vil få, fortel leiar for prosjektet, Anne Kristin Kleiven.

Utviklingsprosjekt

Nordfjord sjukehus var i 2011 til 2013 gjenstand for eit utviklingsprosjekt kalla «Framtidas lokalsjukehus Nordfjord sjukehus» gjennomført av Helse Vest. I kjølvatnet av dette prosjektet vart det oppretta stillingar som stadlege leiarar ved begge lokalsjukehusa i Helse Førde, først på Nordfjordeid og sidan i Lærdal. Det kom også seinare nasjonale føringar om at sjukehus skal ha stadleg leiing.

At ei slik evaluering som no er på gang blir gjennomført, låg som ein føresetnad i utviklingsprosjektet "Framtidas lokalsjukehus".

Breitt samansett prosjektgruppe

Både kommunane, tillitsvald og hovudverneombod har fått plass i prosjektgruppa.

Prosjektet skal vurdere korleis stadleg leiing skal fungere i den samla leiarmodellen i Helse Førde.  Prosjektgruppa er samansett av personar som har eit overordna ansvar for klinikkane og avdelingar som har aktivitet ved lokalsjukehusa i tillegg til distriktspsykiatriske senter.

Prosjektet vil innhente synspunkt frå leiarar, tillitsvalde og vernetenesta ved lokalsjukehusa og frå leiinga i dei kommunane som høyrer til dei to lokalsjukehusa.

Prosjektet er planlagt avslutta i løpet av 2018, og den endelege avgjerda vil bli fatta på overordna nivå.