Slik vil ordføraren bruke havbruksmillionane

Politisk rådgjevar Britt Dalsbotten (Frp) i nærings- og fiskeridepartementet føreslår å bruke havbruksmillionane på infrastruktur, men ordførar Audun Åge Røys (H) vil heller nytte dei til å dekke inn det akkumulerte Terra-underskotet.

Ordførar Audun Åge Røys (H) seier at ein hadde «rekna med» 15 millionar frå Havbruksfondet. Det reelle talet blei nær 17,5 millionar. Han vil nytte midlane til å dekke opp akkumulert underskot, men utelukkar ikkje å diskutere andre måtar å nytte midlane på. Foto: Janne Weltzien Listhaug 

Nyheter

Måndag var tildelingane frå havbruksfondet klare, og for Bremanger kommune sin del vart tildelinga på nær 17,5 millionar kroner.