Trur området vil få fleire verksemder

Kommunestyret i Selje har bestemt å legge det nye næringsarealet på Leikanger ut på høyring.

Arkivfoto 

Nyheter

I arealplanprosessen i Selje (2015-2017)  fekk kommunen sett av fleire sjønære områder til næringsverksemd.

Kommunestyret i Selje handsama onsdag planprogrammet for Sjåstad nedre på Leikanger, som ligg ved dagens industriområde.

– Næringsområdet som ligg der i dag har stor aktivitet og vi trur at område vil få ein auke i talet på verksemder og ein utviding av eksisterande verksemder. Selje kommune er ein sjøretta industrikommune og ein av dei viktigaste oppgåvene til kommunen er å legge til rette for naudsynt ekspansjon av næringsareal, seier Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF).

Område som no ligg ute på høyring er ein utviding av dagens område både på land og utfylling i sjø.

– Utfylling i sjø skal legge til rette for ei fleirbrukshamn som er mangelvare i Selje. Planprogrammet vert no lagt ut på høyring med innspelsfrist i oktober i år, seier ordføraren vidare.