Stenger fylkesvegen for utbetringar

Ei strekning på fylkesveg 618 mellom Vågsøy og Selje skal få nytt betongrekkverk. Arbeidet startar i neste veke, og det kan bli behov for å stenge vegen på dei smalaste punkta i inntil to timar.

Illustrasjonsfoto 

Nyheter

Det er strekninga Pollaneset i Vågsøy til Salt i Selje kommune som skal få nytt, plasstøypt rekkverk.

Arbeidet startar tysdag 18. september, og vil halde fram til og med fredag. Arbeidstidene blir frå klokka 08.00 på morgonen, til klokka 20.00 på kvelden.

– På dei smalaste punkta må vi stenge vegen i inntil to timar av gongen for å få gjort dette arbeidet, seier byggjeleiar Jan Bremer Remø.

Rutebussar og utrykkingskøyretøy vil sleppe igjennom også når vegen er stengt. For andre trafikantar kan det vere eit alternativ å ta av til fylkesveg 61 over Maurstadeidet, og køyre om Kjøde.