To personar lettare skadd etter utforkøyring

Foto: Siri Kolseth 

Nyheter

Naudetatar rykte litt før 16.30 ut til melding om ei trafikkulykke på fv 663 i Eid kommune.

Ein bil med to personar i skal ha køyrt av vegen ved Skipenes.

– Brannvesen og ambulanse er framme. Det er lettare skader på begge dei to som var i bilen. Dei blir sjekka av ambulansepersonell, seier operasjonesleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt.

Helse Førde melder på Twitter at dei to personane vart frakta til sjukehus i ambulanse.

Vegen var stengd ei stund etter ulykka, men den er no opna igjen.