Trur brot på tryggleiksrutinar førte til dødsulykka

Fjord Shipping meiner at det var brot på tryggleiksrutinar som gjorde at to av mannskapet om bord Key Fighter omkom for snart to veker sidan.

Nede i denne tanken om bord Key Fighter skjedde ulykka der to personar miste livet. Foto: Vest politidistrikt 

Nyheter

– Det ser ut til å vere brot på tryggleiksprosedyrar for måling av atmosfæren i tanken. Det ser og ut til å vere brot på rutinane for personlege gassmålarar. Men den endelege konklusjonen kjem først når styresmaktene har gjort sine undersøkingar, seier advokat Hugo Matre, som representerer reiarlaget til NRK Sogn og Fjordane.

Det kjem fram i ulykkesrapporten til Sjøfartsdirektoratet, der Fjord Shipping skriv at dei to tankarbeidarane vart funne medvitslause utan å ha personlege gassmålarar på seg.


Det var laurdag 1. september at meldinga kom om at det var funne to bevisstlause personar om bord i ein tank i kjemikalieskipet Key Figther. Skipet låg då 13 nautiske mil vest for Stad. Dei to personane, ein mann på 72 og ein mann på 42, døde av skadene.  Skipet gjekk til land i Måløy for undersøkingar og bistand til det gjenverande mannskapet på 12, før skipet vart frigjeve og fortsette seglasen mot England same kveld.

Sender sine funn etter ulykka til Malta

Politiet er ferdig med sine undersøkingar etter tankskipulykka der to personar miste livet.

Key Fighter var på veg til England utan last då ulykka skjedde, og Matre seier til NRK at dei erfarne sjøfolkene kan ha latt vere å nytte tryggleiksutstyr fordi dei kan ha oppfatta situasjonen som ufarleg.

– Tanken dei jobba i var i utgangspunktet tom, men der var ein rest av «slope water», vatn som inneheld restar av det som har vore i tanken tidlegare. Dette var vegetabilsk olje. Det er i utgangspunktet ikkje farleg, men under forråtningsprosessen kan det oppstå gassar. Dette kan ein finne i til dømes gjødselkjellarar, sa Matre til Fjordenes Tidende i etterkant av ulykka.