Gler seg over at fleire vel marine fag

Fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) var full av framtidstru etter å ha besøkt lærlingar og elevar ved dei «blå faga» ved Måløy vidaregåande skule.

Fagskulen: Fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp, nr. 3 f.h.) fekk prata med elevane på naturbruklinjene fiske, fangst og akvakultur då han besøkte Måløy vidaregåande skule onsdag. Begge foto: Janne Weltzien Listhaug 

Nyheter

– Det skjer utruleg mykje spennande her i regionen, og dette er ein region som er viktig i forbindelse med næringsutvikling og innovasjon. Eg har fått sett mykje av dette, seier fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) til Fjordenes Tidende.