Har opna vegen etter raset

Statens vegvesen har jobba med å rydde vegen ved Skatestraumen fri for jord og stein etter raset i morgontimane. Vegen skal no vere open, med redusert framkome på grunn av oppryddingsarbeidet.

Etter at ein jord- og steinras gjekk i morgontimane onsdag, er fylkesveg 616 ved Skatestraumen stengd. Vegvesenet jobbar med å få opna vegen i løpet av dagen. Foto: Statens vegvesen 

Nyheter

– Raset har kome oppe i frå skråninga, og har ikkje kome frå høgt oppe, fortel Lars Erik Karlsen, prosjektleiar for Fjordane i Statens vegvesen.


Ras sperret fylkesvegen

Fylkesveg 616 i Skatestraumen var stengt på grunn av et ras onsdag morgen.

Vegvesenet var raskt på plass etter at meldinga om raset på fv. 616  kom litt før klokka 06.00 onsdag. Raset har gått mellom Berletunnelen og Skatestraumtunnelen og stenger fylkesvegen.

I 09.30-tida blei det jobba med å få maskiner på plass for å rydde vegen fri for jord og ras.

– Det skal ikkje gå så lang tid å få rydda vegen, og den blir opna igjen i løpet av dagen, seier Karlsen.