Etterlyser førarane av to lastebilar

Foto: Tore Nesbakk 

Nyheter

Lensmannen i Bremanger, Espen Gulliksen, seier politiet er interessert i å komme i kontakt med førarane av to større køyrety i samband med etterforskinga etter at fem geiter vart påkøyrde i Bremanger måndag.

- Vi vil gjerne kome i kontakt med føraren av ein kvit norskregistrert Mercedes trekkvogn utan tilhengar. Denne bilen kan ha passert området der dei fem dyra vart påkøyrde rundt klokka 13.30 måndag og har køyrd i retning mot Oldeide, seier Gulliksen til Fjordenes Tidende.


Sjåføren som køyrde på dei stakk av

Fann fem av geitene sine skadde i vegkanten

 

I tillegg er politiet interesserte i å kome i kontakt med førar, eventuelt passasjer, i eit utanlandskregistrert vogntog som køyrde mot Skatestraumtunnelen rundt klokka 14.00 denne dagen. Dette var ein semitrailer med blå trekkvogn og kvitt kapell.

- Det er ikkje det at vi mistenker desse lastebilane for å ha køyrd på dyra. Men vi kan ikkje utelukke det. Uansett så håpar vi at førarane av desse køyretya kan ha opplysningar til oss, seier Gulliksen.

Det er tips som har gjort at dei er interesserte i akkurat den eller dei som var i desse bilane.

Lensmannen opplyser at dei har sjekka fleire andre tips om bilar som kan ha vore i området i det aktuelle tidspunktet, men desse er sjekka ut av saka.


Er framleis interesserte i tips etter dyretragedie

Onsdag føremiddag har ikkje politiet funne ut meir om årsaka til dyretragedien som skjedde i Bremanger på måndag.

 

Gulliksen seier dei er veldig interesserte i å kome til botnen i denne saka, og håpar no at lastebilførarane eller npkon som veit kven dette er melder seg til dei.

Det var eit trist syn som møtte bonde i Bremanger, Geir Nesbakk, måndag ettermiddag. Han fann fem av geitene sine skadde i vegkanten ved Berleporten i Bremanger.

Nokon har køyrt på geitene og berre stukke av utan å melde ifrå til politi eller viltnemnda.

Til NRK fortel Nesbakk at han fann flokken sin haltande og skjelvande i vegkanten. Det var ei vond oppleving. Fem geiter var skadde, og det var ikkje anna utveg enn at bonden måtte ta livet av alle dei fem.