Stempler ut:

Det er den draumen

  Foto: Arkiv

Nyheter

Denne kommentaren er skriven av Ane Barmen, og er ein del av Stemplar ut-spalta på sistesida kvar fredag.

Eg har fått ein ny hobby. Eg er intenst og levande oppteken av han i mest kvar vakne time av døgnet. Det er ikkje så ofte eg får dyrka denne hobbyen, men eg tenker på han sånn cirka heile tida. Fantaserer, planlegg, lengtar etter han. Bortimot alle småbarnsforeldre veit kva eg snakkar om, for dette har vi felles, det er den draumen me ber på: at vi skal få kvile.

Søvn, der altså. Eg er manisk opp- teken av det. Skaffe meir, tilrettelegge for, jobbe mot, kanskje i natt blir betre, kanskje det blir meir til helga, kanskje neste veke, eg sluttar aldri å håpe. Det er jo ikkje krise, eg forstår det. Ungen min søv sikkert heilt innanfor normalvariasjonen. Eg er nok berre ei heilt vanleg trøytt mor. Men det kjennast så heftig ut likevel.

Det byrja å bli søvnmangel allereie utover i graviditeten, både fordi blæra fekk mindre plass og eg sprang på do to-tre-fire-fem gongar kvar natt, men på slutten låg eg vaken også berre for ingenting. Heilt utan grunn. Og så kom babyen og var sjølvsagt livets lys og verdas finaste, men babyar er babyar, dei driv no på med sitt, og samanhengande søvn var ikkje ein prioritet for lisja.

Eg visste at det skulle bli sånn, det var ikkje dét som sjokkerte meg. Det som slo meg i bakken var kor UBEGRIPELEG SMERTEFULLT det er å aldri få nok søvn. Å få maks to timar samanhengande kvile før babyen trong meg igjen. I fleire månadar. Det forundrar meg ikkje eit sekund at å frårøve folk søvn er ein torturmetode.

Mange bruker mammapermen sin på å gå på kafé og hygge seg ute. Eg var heime og prøvde å få ungen min til å sove. Andre folk har sånne ungar som søv når som helst, kor som helst. Ungen min sovna aldri. Ho har seriøs FOMO: fear of missing out, redsle for å gå glipp av noko. Eg prøvar å tenke at det sikkert betyr at ho er dritsmart eller noko, men det er ei mager trøyst.

Då lisja blei sju månader la vi henne på eige rom, og ei ny verd openberra seg. Eg låg på ank dei to fyrste nettene, livredd for at noko skulle skje henne utan at eg oppfatta det, krybbedød, innbrotstjuvar, spøkelser, you name it, eg var klar. Men underet skjedde, ho sov som ein stein, og eg vakna som eit nytt menneske. Berre ei eller to ammingar om natta, for eit mirakel!

Men mykje vil ha meir. No drøymer eg om heile netter, og det må no vel gå ein dag, at noko vedunderleg skal skje, at det MÅ skje: at tidi skal opna seg, hjarta skal opna seg, at babyen skal sova, og at eg ei morgonstund skal vakna upp og ha sove heile natti?

Eg håpar det. Eg er så klar for å ta hobbyen min eit steg vidare.