Vart freista til ein karriere innan fiskeri

Museumsbåten Haugefisk har gjeve 9.-klassingar langs kysten innblikk i linefiskehistorie dei siste vekene. Fleire av elevane som var med frå Selje skule seier at ein yrkeskarriere innan fiskeri freistar.
Nyheter

– Heilt klart, eg kan absolutt tenkje meg å jobbe med fiskeri. Du får vere mykje ute, og det skjer mykje. Eg har også fleire i familien som driv med fiskeri. Mamma jobba på fiskeoppdrett tidlegare, seier Ellen Fagerli.