Vassendgutane kjem hit for å slå «helane i taket»

«Helane i taket» er namnet på Vassendgutane sin turne i 2018. 3. november kan du sjå dei i Stadlandet grendahus.

Grendahuset: Vassendgutane kjem til Stadlandet i november.  Foto: presse

Nyheter

Vassendgutane er ute på den 22. turnésesongen i orkesteret si historie, og skal spele mange plassar i landet. Bandet har spelt festivalar i sommar og er no klare for å besøke grendahus og haller rundt om i landet utover hausten. Stadlandet grendahus er ein av dei.

– Når bandet ikkje turnerer er Vassendgutane er i full aktivitet i studioet Audiofarm med innspeling av nye songar. Her blir det både fine balladar og fengande allsongar, opplyser managementet, og legg til:

– På Helane i taket-turneen vil framleis det visuelle inntrykket og det klare gode lydbiletet stå i fokus. Dei nye songane krydra med Vassendgutane sine store hits, vil sette rammene for konsertane i 2018. Festcountry vil framleis vere bandet sitt varemerke.

Laurdag 3. november kjem dei til Stadlandet grendahus der Stadlandet IL er arrangør.

Billettsalet vil skje på førehand, opplyser arrangør.