Vil ha rom til utviding av vindpark

Selje-politikarane ønsker ikkje fleire vindparkar i kommunen, men vil ha moglegheita til å utvide planlagde Okla til fleire enn fem vindmøller.

Vind: Selje-politikarane vil ha moglegheit til å utvide Okla vindpark. Illustrasjonsfoto  Foto: Privat

Nyheter

Det kjem fram i høyringsinnspelet til Nasjonal ramme for vindkraft, som NVE no jobbar med. I planane legg ikkje NVE opp til meir utbygging i Selje, utover dagens prosjekt på Okla. Med unntak av ei stemme, gjekk formannskapet for at Selje kommune støttar NVE sitt analysekart der det ikkje blir gitt rom for nye vindmølleprosjekt. Som unntak meiner ein at Okla vindpark kan få eit større område til å ekspandere med fleire vindturbinar, for å gjere prosjektet meir lønsamt, og for å forsvare dei store naturinngrepa.


Seier nei til meir vindkraft

Etter tre vindkraftutbyggingar, seier Bremanger no tydeleg nei til ytterlegare utbyggingar.

– Å få konsesjon er eit langt lerret å bleike, dette er berre ei høyring, sa Stein Robert Osdal (KrF), som fremja høyringsforslaget for formannskapet.

Han viste vidare til at ein ventar på avgjerd om investering frå Falck Renewables før ein set i gong for fullt.