Statsbudsjettet:

2,5 millionar til fjordhesten

– Det er svært gledeleg at regjeringa sikrar bevaringsarbeidet for fjordhest og nordlandshest/lyngshest, seier dagleg leiar ved Norsk Fjordhestsenter, Magni Hjertenes Flyum.

Dagleg leiar ved Norsk Fjordhestsenter gler seg over sikrar bevaringsarbeidet med fjordhest. Foto: Janne Weltzien Listhaug  

Nyheter

For fyrste gong på mange år vart det ikkje kutt i framlegg til statsbudsjett, melder Norsk Fjordhestsenter i ei pressemelding.

I 2015 vart det gjort eit løft  for dei regionale hestesentra, men åra etter har dette vore kutta i framlegg til statsbudsjett.

–  Vi har i fleire år måtta arbeidd for å få desse pengane på plass i stortingshandsaminga, og er svært glade for at Regjeringa har tatt dette med i framlegg til statsbudsjett, seier leiarane for Norsk Fjordhestsenter og Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest.

Dei ser resultat av det langsiktige bevaringsarbeidet, og gler ser over optimisme i hestemiljøet.

Sentra si rolle er å gjennom rådgjeving, kompetanseheving til oppdrettarar og brukarar og å styrke raselaga å gjere det lettare å velje dei norske hestane. I tillegg brukar dei nasjonale raser i sine aktivitetar. I utkast til statsbudsjett for 2019 er det føreslått 4 947 000 kroner fordelt på dei to sentra.

Dei nasjonale hesterasane dølahest, fjordhest og nordlandshest/ lyngshest er framleis trua, men trenden er svært positiv. Bedekningstala for 2018 vert klare i løpet av kort tid, men allereie no ser ein ei positiv utvikling og den negative trenden ein hadde for nokre år sidan er snudd. 

–  Vi ser at det er marknad for dei nasjonale rasane, men kjøparane vil ha ferdig utdanna hestar, seier dagleg leiar ved Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest, Linda Nordgård Holmebukt. 

Norsk Fjordhestsenter har hatt eit forprosjekt på kvalitetssikra utdanning av unghest, og dette vert vidareført ved begge sentera.

Ved Norsk Fjordhestsenter er det i tillegg semin- og avlstasjon.

–  I tillegg til dei hoppene som kjem hit sender vi sæd over heile landet slik at hoppeeigarane som ikkje har tilgang på hingst kan få bedekt hoppene sine, seier Hjertenes Flyum. I 2018 var det 37 bedekningar ved stasjonen.