Endeleg inne med første makrellfangst

Makrellsesongen har vore svært forseinka i år. Men no har den kome i gong, og Vestfart frå Bremanger var ein av dei mange båtane som nyleg leverte makrell ved Pelagia Måløy.

Terje Torvanger (t.h.) og resten av mannskapet på Vestfart var glade for å kome i gong med makrellfisket. Dei rekna med å gjere seg ferdig innan to veker, og hadde levert ei last på 500 tonn då Fjordenes Tidende møtte dei på kaia ved Pelagia.   Foto: Julianne Flølo

Nyheter

Terje Torvanger er skipper på båten som førre veke leverte 500 tonn makrell til Pelagia-fabrikken på Trollebø.