Etterforskar innbrot

Natt til laurdag var det innbrot hos Nore Fjordsenter på Bryggja.

  Foto: Even Ørjasæter

Nyheter

– Det har forsvunne nokre pengar og nokre andre småting, fortel innsatsleiar Morten Hagen til Fjordenes Tidende.

Innbrotet skjedde natt til laurdag.

– Politiet var på staden og gjorde undersøkingar rundt forholda på laurdag, fortel Hagen og seier vidare at undersøkingane vil fortsette utover mandagen.

– Vi vil jobbe for å finne ut kven som har stått bak, seier han.