Politiet hadde fått melding om at det var fleire personar i bilen enn den var registrert for, og at dei satt usikra.
– Det var ein utanlandsregistrert bil som var registrert for tre personar. Det var fem personar om bord, deriblant nokre som sat usikra i bakre delen av varebilen der det ikkje er seter, fortel tenestestadsleiar Nils Bakke ved Vågsøy lensmannskontor.
Politiet rykte ut til varebilen ved 15.00-tida måndag, då den køyrde frå Måløy til Deknepollen.
Føraren av bilen fekk eit forenkla førelegg, opplyser Bakke.