Makrellbåtane fylte heile hamna

Etter uvêr og og eit forseinka makrellfiske var det mange som gledde seg over at ein fredag kunne telje 18 fiskefartøy i måløyhamna.

Fredag kunne ein i alt telje 18 fartøy i måløyhamna. – Dei fleste har ikkje noko i mot å ligge utanfor kvarandre, slik nokre no gjer på Skramskaia, forklarte Sølve Oldeide i Nordfjord Havn.  Foto: Julianne Flølo

Nyheter

Regionssjef Gunnar Domstein i Pelagia fortel at fabrikkane i Selje og på Trollebø har tatt imot mellom 5.000 og 6.000 tonn makrell kvar i løpet av førre veke.

– Fredag hadde vi seks båtar inne, nokre venta på lossing og andre på godt vêr, forklarar han, og legg til at det trass i ein treig start på makrellsesongen no har vore god aktivitet på dei to fabrikkane.