– Heilt avgjerande for at ein skal lukkast som vegeigar

Regjeringa har konkludert med at ansvaret for å administrere fylkesvegane skal overførast til dei nye fylkeskommunane.

– Eg er glad for at regjeringa følgjer opp Stortinget sitt vedtak og overfører fylkesvegadministrasjonen frå staten til fylkeskommunane, seier fylkesordførar Jenny Følling. Her Løvikneset på fylkesveg 616 i Ytre Bremanger. Illustrasjonsfoto: Svanhild Breidalen 

Nyheter

Statens vegvesen løyser i dag mange oppgåver knytt til administrasjon av fylkesvegane. Desse oppgåvene skal overførast til fylkeskommunane som ein del av regionreforma.

– Eg er glad for at regjeringa følgjer opp Stortinget sitt vedtak og overfører fylkesvegadministrasjonen frå staten til fylkeskommunane, seier fylkesordførar Jenny Følling i ei pressemelding.

– Fylka har ansvaret for fylkesvegnettet, både økonomisk og juridisk. Då er det ein «missing link» at vi ikkje har hatt kompetansen knytt til utgreiing, planlegging, bygging, forvaltning, drift og vedlikehald av fylkesveg. Ei overføring av fylkesvegadministrasjonen vil vere heilt avgjerande for at fylkeskommunane skal lukkast som vegeigar, og det vil styrke rolla vår som samfunnsutviklar, seier fylkesordføraren.


 

Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar har etablert eit prosjekt for å sjå på framtidig organisering av vegområdet i den nye Vestland fylkeskommune, inkludert korleis fylket skal ta over dei nye oppgåvene knytt til vegadministrasjon, heiter det i meldinga.

– Eg er nøgd med at det er kome ei avklaring på korleis sams vegadministrasjon skal avviklast. Vi har eit godt og konstruktivt samarbeid med Statens vegvesen i denne prosessen, med sikte på å få til ei god og effektiv organisering av vegadministrasjonen i Vestland fylkeskommune og sørge for ein god og smidig overføring av tilsette, seier fylkesdirektør for samferdsle Dina Lefdal.

Pressemeldinga frå regjeringa slår fast at overføringa gjeld oppgåver knytte til utgreiing, planlegging, bygging, forvaltning, drift og vedlikehald av fylkesveg. For laupande driftskontraktar vil det måtte etablerast overgangsordningar. Oppgåver knytt til tryggleik og beredskap og ansvaret for Nasjonal vegdatabank og vegtrafikksentralane skal vidareførast som nasjonale oppgåver i Statens vegvesen.

Fylkeskommunane vil få overført budsjettmidlar for tilsette som blir overført, og der staten dekker kostnadene i dag.

Regjeringa tar sikte på at overføringa skjer 1. januar 2020, eller seinast 1. januar 2021, men tidspunktet vil bli endeleg avklart når ein tidsplan for arbeidet med avtale om overføring av tilsette er klarlagt.