Flagga betydninga av å ha skule i bygda

Både noverande og tidlegare elevar og tilsette var med å sette preg på 60-årsmarkeringa av Flatraket skule førre veke, der godt over 250 gjestar tok turen både for å mimre og å sjå framover mot Stad.
Nyheter

– Vi er ein liten skule, og sjølv om det kan bli ein trussel etter kvart er det også ein av våre største styrkar, seier rektor Ellen Rundereim om skulen sin noverande situasjon.


Bygda samla seg til skulefeiring

Elevar, lærarar og bygdefolk feira denne veka Flatraket skule som er 60 år i år.

– Det er viktig å vere tett på elevane, og her på Flatraket skule har vi tid til å verkeleg vere der for den enkelte. Det må vi ta med oss.

Dette skuleåret er det 37 elevar og til saman 12 tilsette ved skulen, som for nokre år tilbake frykta kroken på døra.