Mykje regn, men så kjem sola

Tysdag blir ein søkkvåt affære for Hordaland og Sogn og Fjordane, med lokalt mykje nedbør. Onsdag og torsdag blir mykje betre, med opp mot 18 grader og sol på torsdag.
Nyheter

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for mykje regn i Sogn og Fjordane og Hordaland fram til onsdag morgon. På dei mest utsette stadene vil det kunne komme opp mot 70-110 mm nedbør på 24 timar. Regnet vil fortsetje fram til onsdag morgon, før sola etter kvart vil titte fram, men med fortsatt ein del vind, særleg på Stad, som vil få stiv kuling.

Torsdag er det meldt sol, og temperaturar opp mot 18 grader.

Her er tekstvarselet frå Meteorologisk institutt:

Tirsdag: Hordaland og Sogn og Fjordane: Sørvest liten kuling utsette stader, i kveld minkande til frisk bris. Skya. Regn, lokalt mykje nedbør.

Onsdag: Vestlandet sør for Stad: Økning til sørlig liten kuling på kysten, stiv kuling ved Stad. Først på dagen regn, senere lettere skydekke og etter hvert oppholdsvær og perioder med sol, først i Rogaland.

Torsdag: Vestlandet sør for Stad: Østlig bris, øst og sørøst liten eller stiv kuling på kysten i Rogaland. Til dels pent vær, i Rogaland noe mer skyet og utrygt for litt regn om kvelden, vesentlig i indre strøk.

Sjå detaljert vêrvarsel her: