Politiet rykte ut til trafikkulykke

Naudetatane dro til Kvernevik i Selje kommune etter ein kollisjon.

Illustrasjon: Even Ørjasæter/Google Maps 

Nyheter

– Det har vore ei trafikkulykke i Kvernevika, fortel tenestestadsleiar ved Vågsøy lensmannskontor, Nils Bakke, til Fjordenes Tidende.

– Vi har ein patrulje på veg til staden, og det skal ikkje vere snakk om store personskadar. Det er alt vi veit akkurat no, fortel han vidare.

Oppdatert:

Politiet opplyser på twitter at det har vore eit mindre uhell. Partane fyller ut skademelding, og politiet vil ikkje opprette sak.