Samarbeider om reiseliv

Samarbeid blir peika på som suksessfaktor for å få til eit godt tilbod innanfor reiseliv. Kvinner ved havet er ei nettverksgruppe som gjer akkurat dette, skriv dei i ei pressemelding.

Kvinner ved havet består av Bettina Vick (f.v.), Mai-Hilde Eriksen, Lisbeth Drage og Bertine Fure Oksholen. I tillegg er også Grete Solborg Fure med. Foto: privat 

Nyheter

– Nye Stad kommune har siste tida hatt fleire møter angåande stadsutvikling med fokus på reiseliv. På møte i operahuset 2. oktober kom det mellom anna fram at samarbeid er det folk meinar er viktigaste suksessfaktoren for å få til gode tilbod innan reiseliv. «Kvinner ved havet» er ei nettverksgruppe som har hatt fleire samarbeid som er gode eksempel på kva ein kan få til, skriv nettverksgruppa i ei pressemelding. 

Kvinner ved havet består av Lisbeth Drage (Stadt Kraniosakralterapi), Mai-Hilde Eriksen (Stadt Akupunktur), Bettina Vick (Slowtur), Bertine Fure Oksholen (Stadt Naprapati) og Grete Solborg Fure (Stadt Naturguiding).

– Den siste helga i oktober arrangerer vi tredje «Stormtur til Stadt – velværehelg ved havet» der Stadt Naturguiding står som hovedarrangør. Vi tilbyr guida tur, behandlingar, yoga, god mat og sosialt samvær over ei heil helg. Dei som er med er Furebuda på overnatting og mat, Stadt Kraniosakralterapi, Stadt Akupunktur, Slowtur og Stadt Naprapati med behandling, i tillegg til Bygda Yogaskule og Stadt Naturguiding, står det. 

– Her er og fleire andre aktørar som vi tenkjer det er naturleg å få til samarbeid med i framtida. Det skjer mykje positivt på Stad for tida som gjer at det er blitt enklare å kunne tilby ein full pakke for tilreisande. Målet er å gjere det attraktivt å komme hit og ha gode opplevelsar året rundt, uavhengig av årstid og vêrmeldingar, heiter det vidare.

Stadt Naturguiding har hatt mange samarbeid gjennom åra, Stormtur og Stormkonsert er to eksempel.

–I november vert det igjen samarbeid med Stormkonsert ved Anja Midttun, der det vert tur, konsert og mat. Tidlegare har vi hatt slike opplegg på Selja kloster og på Ytre Fure, denne gongen vert det i Antonfloren på Drage. Bli med og nyt den stormfulle hausten på Stadt!