Det er eit stort behov for klimainvesteringar i landbruket, og regjeringa fylgjer ikkje opp stortingsfleirtalet som ber om eit klimafond for landbruksnæringa, skriv bondelagsleiaren i ei pressemelding.
– Vi etterlyser tiltak retta mot vatning og drenering for å sikre ein matproduksjon på dagens nivå, fortel Felde.
Han ynskjer klimainvesteringar for å møte utfordringane, og er skuffa over at det ikkje kom i forslaget til statsbudsjett for 2019.
– Regjeringa tek ikkje matberedskapen i Norge på alvor, seier Felde.
Regjeringa ynskjer å kutte i avgifta på sukkervarer og sjokolade, men ikkje på brus og saft. Samtidig vil dei utrede sukkeravgifta nærare. Det får Felde til å reagere.
– Det er hol i hovudet at ikkje heile sukkeravgifta blir reversert, medan ein utredar ordninga. For meg er det heilt uforståeleg at dei kuttar i avgifta på sjokolade, men ikkje på saft og brus.
Felde registrerer også at det har blitt kutta i midlane til regional utvikling overt tid.
I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2019 er det satt av rundt 1,2 milliardar kroner til regional utvikling og nyskaping. Det er 223 millionar mindre enn året før, ifølgje Felde.
– Vi er mange som bur i distrikta, og vi treng utvikling og aktivitet i bygdene.
Felde reagerer også på at forslaget til statsbudsjett for 2019 legg opp til ein reduksjon til utbygging av høghastigetsbreiband på cirka 50 millionar.
– Eg stiller meg kritisk til forslaget om reduksjonen til utbygging av breiband. Vi er avhengig av å ha god dekning i framtida for å henge med på utviklinga som skjer i landbruket.