Ber om tips etter innbrot

Politiet ønsker å komme i kontakt med personar som kan ha tips rundt innbrotet hos Nore Fjordsenter på Bryggja i Vågsøy kommune førre helg.

  Foto: Nore Fjordsenter

Nyheter

– Om nokon har observert bilar eller personar rundt resepsjonsbygget seint fredag kveld og natt til laurdag vil vi gjerne snakke med dei, seier innsatsleiar Morten Hagen hos Vågsøy lensmannskontor.



Under innbrotet tok tjuvane med seg mellom anna pengar frå eit avlåst kassaapparat.