Får midlar til å utvikle unik destinasjon

Kristina Myrseth og Storm på Stad får 98.500 kroner i etablererstøtte frå Selje kommune.

Selje kommune gir bidrag til ei satsing på Vestkapp. Arkivfoto 

Nyheter

Formannskapet bestemte dette i møtet onsdag.

Storm på Stad opna dørene til huset på Vestkapp i sommar, og i søknaden til det kommunale næringsfondet heiter det at forretningsideen i fase ein er å utvikle Vestkapp med restaurant- og cateringverksemd med eit lokalt særpreg, i tillegg til å jobbe med å gjere Vestkapp til ein unik destinasjon ytsts i fjord-Norge.