Får større ansvar hos oppdrettsgigant

Per-Roar Gjerde er utnemnt som Chief Operating Officer Farming i Marine Harvest. Det betyr at han skal leie alle oppdrettsaktivitetane til selskapet.

Per-Roar Gjerde har brukt mykje tid på å jobbe mot myndigheitene for å få til naudsynt regulering av oppdrettsnæringa i Chile. Her frå møtet med senatorane i Santiago, i prat med produksjonssjefen i Chile, Jorge Uribe. I bakgrunnen kommunikasjonssjef med ansvar for myndigheitskontakt i Marine Harvest, Eivind Nævdal-Bolstad. Foto: Privat 

Nyheter

Det melder selskapet i ei børsmelding onsdag morgon.

51-åringen, som opphaveleg er frå Syvde i Vanylven, men har budd mange år i Måløy, har i dag ansvaret som driftsdirektør for Norge og Chile.


Har aldri lært så mykje som året i Chile

Per-Roar Gjerde frå Syvde/Måløy har ansvaret med å få verdas største oppdrettsselskap si satsing i Chile på rett kjøl.

 

Skiftet i arbeidsoppgåver skjer som følge av at Marit Solberg, som hadde ansvar for oppdrettsaktivitetane i Skottland, Canada, Irland og Færøyene, går av med pensjon.

Gjerde hadde vore regiondirektør i Marine Harvest sidan 2007 då han vart spurt om å leie satsinga til verdas største oppdrettsselskap i Chile. Han flytta til Sør-Amerika i januar i 2016.