Nye eigarar av Energikompetansesenteret

Jan Olav Larssen og Svein Lillestøl tek over eigarskapet av Energikompetansesenteret saman med Eid kommune.
Nyheter

Det melder selskapet i ei pressemelding.

Dei to er tidlegare tilsette i selskapet, og tek over saman med kommunen for å sikre vidare drift.

«Dette vart bestemt for å kome nærare den opprinnelege ideen bak Energikompetansesenteret, som var tenkt å vere eit møtepunkt, kompetansesenter og felles «teknologi-leikeplass» for næringslivet i heile regionen.

Nordfjord har eit unikt næringslivsmiljø innanfor elektro og automasjon, fornybar energi,  smart energistyring og energibruk i bygg, og målet er å få ein framtidsretta arena der næringsliv og skule kan samarbeide tverrfagleg for å prøve ut ny teknologi på desse områda i tillegg til teknologi og løysingar knytt til velferdsteknologi,» heiter det vidare i pressemeldinga.