Vågsøy får ny politistilling

I samband med budsjettet for 2018 vil Vågsøy lensmannskontor få ei ny stilling.

Vågsøy lensmannskontor får ei ny stilling frå nyttår. Illustrasjonsfoto: Janne Weltzien Listhaug 

Nyheter

Sogn og Fjordane vil få fire nye stillingar i samband med budsjettet, der den eine blir plassert i Vågsøy.

Dei tre andre stillingane går til Sunnfjord og Sogn, ei stilling blir i Fjaler, medan dei to siste går til Sogndal. Stillingane vil bli tilsett frå 31. desember 2018.

Plasseringane vart bestemt etter drøfting med leiargruppa og dei tillitsvalte i politiet, melder politiinspektør og leiar for Geografisk Drifteining Sogn og Fjordane, Arne Johannesen.