– Håpet er at det skal kunne bidra til å redde liv

Bremanger-selskapet Romvesen AS demonstrerte prototypen til sitt nye sensorsystem som kan sjå gjennom snø, is og fjell på Andøya i vår.

Det nye sensorsystemet til Romvesen AS vart demonstrert på Andøya i vår i regi av Statens vegvesen.  Foto: Privat

Nyheter

– Slik det er no, kan det ta fleire dagar å rydde opp etter eit snøskred på europavegane i Nord-Norge. Det er fordi ein må vere forsiktig når ein ryddar sidan det kan vere folk og bilar tatt av skredet. Med dette systemet kan ein fly over området på mykje kortare tid og få oversikt over objekt som er gravd ned i snøen. Dermed kan ein spare tid på opprydding og eliminere mykje av risikoen for redningspersonell, fortel Ove Kristian Leirgulen i Romvesen til Fjordenes Tidende.

Planen er at eit pilotsystem skal vere klart innan utgangen av 2019.