Fryktar tilbod om symjeopplæring må vente

Rune Liseth fryktar at det vil ta lenger tid før elevar får symjeopplæring i eiga kommune, om politikarane tek opp igjen tråden om eit fellesanlegg i Selje.

Avtroppande leiar i FAU ved Selje skule har i fleire år engasjert seg kring symjeundervisning for elevane i Selje. Han håpar politikarane i neste kommunestyremøte landar på ei snarleg opprusting av bassenget ved Selje skule, som han trur er den raskaste måten for at elevane får symjeundervisning i eiga kommune. Foto: privat 

Nyheter

Den avtroppande FAU-leiaren Rune Liseth viser til debatten i sist formannskapsmøte i Selje, der eit mogleg fjerde alternativ for symjebasseng kom opp. Høgre-representant Geir Årvik foreslo då ei utgreiing av eit felles idretts-, aktivitets- og kulturanlegg i Selje. Han enda med å trekkje forslaget sitt, og formannskapet gjekk for at ein skal rehabilitere symjebassenget ved Selje skule og lage ny handikap-garderobe.


Foreslo eit anlegg som kan huse alt

– Eg er overraska over motstanden, seier Geir Årvik (H), som ønskte at ein skulle greie ut eit felles idretts-, aktivitets- og kulturanlegg i framtidige ytre Stad kommune.

 

– Fryktar ein at dette fjerde alternativet kjem opp att i kommunestyret?