Kom med bøn til politikarane

– Vi håpar at dei eldre blir behandla som individ og ikkje sett bort i ein krok som umælande dyr, sa Johanne Nilsen (82) til politikarane under synfaring på Stadlandet eldretun.
Nyheter

Bakteppet for synfaringa er forfatninga til eldretunet og kartlegging av kva som trengst å bli gjort innanfor helsesektoren i Selje kommune. Åge Starheim, leiar for Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne, meiner forholda er kritikkverdige.

– Det ser ikkje bra ut, og det går på standarden på bygget her. Det går ikkje på personalet. Eg håpar dei gjer ei realistisk vurdering av kva det vil koste å ruste opp kontra eit nybygg. Dette viser med all tydelegheit manglande vedlikehald og det er trist at dei eldre skal ha det slik. Det er ikkje dei verdig. Det er ikkje god nok standard, seier Starheim.