Meiner elevane ikkje greier å oppfylle krava

FAU ved Selje skule er ikkje nøgd med kommunen si skisserte løysing for symjeundervisning.

FAU i Selje meiner elevane ikkje får nok tid i bassenget.  Foto: Arkiv

Nyheter

Etter sist formannskapsmøtet har FAU hatt møte der dei har kome fram til at vedtaket som formannskapet tilrår blir godkjent i kommunestyret ikkje er tilstrekkeleg for at alle elevar ved Selje skule skal greie å oppfylle kompetansekrava i læreplanen. I administrasjonen si løysing leiger ein basseng på Åheim, og elevane får dobla talet på symjeundervisning for barneskuleelevane frå to til fire gongar gjennom skuleåret 2018–2019. Elevane i 8.-10.-klasse har symjing og surfing i Hoddevik fire gongar i året. Rektor og FAU ved Selje skule meiner at dette ikkje er tilstrekkeleg for å stette kompetansekrava.


Fryktar tilbod om symjeopplæring må vente

Rune Liseth fryktar at det vil ta lenger tid før elevar får symjeopplæring i eiga kommune, om politikarane tek opp igjen tråden om eit fellesanlegg i Selje.

– Den einaste løysinga og det som er framtidsretta er at ein igjen får symjebasseng i kommunen. FAU Selje tykkjer såleis det er gledeleg at administrasjonen og formannskapet har gått inn for å rehabilitere eksisterande symjebasseng og garderobar på skulen. Dette vil bli ei god løysing for alle elevar i heile kommunen med tanke på reisetid og transportutgifter, slik at også elevar i kommunen kan greie å oppfylle kompetansekrava til symjedugleik, meiner FAU i uttalen.