Rotevatn har fått ny jobb

Eidaren Sveinung Rotevatn går frå Justisdepartementet til Klima- og miljødepartementet.

Sveinung Rotevatn (V) går frå å jobbe med justis,-, beredskaps og innvandringspolitikk til miljøsaker i Klima- og miljødepartementet under leiing av Ola Elvestuen. Arkivfoto 

Nyheter

Kongen har i statsråd i dag utnemnt Sveinung Rotevatn (V) som statssekretær for klima- og miljøminister Ola Elvestuen.


Rotevatn har fram til no vore statssekretær for justis- beredskaps- og innvandringsminister Tor Mikkel Wara.

– Det å jobbe i Klima- og miljødepartementet blir veldig spennande, og eg ser fram til å byrje med det, seier Rotevatn til NRK.