Leiar:

– Viktige prosjekt må kanskje leggast på is for å få sunn økonomi

Linda Nipen og Terje Heggheim gjekk gjennom utsiktene for Kinn-økonomien under møtet i fellesnemnda førre veke.  Foto: Svanhild Breidalen

Nyheter

Då fellesnemnda for nye Kinn kommune hadde sitt andre møte etter ferien sist veke så blei økonomi eit sentralt tema. På spørsmål om kva prosjektrådmann Terje Heggheim trur om utsiktene til ein berekraftig økonomi i den nye kommunen, svara han: «Det blir beintøft.» Kvar åttande kommune i landet har ei lite berekraftig gjeldsmasse, og både Vågsøy og Flora, som skal slå seg saman, er der. Kommunar som har et gjeldsnivå over 75 prosent av inntektene, eit driftsresultat på under 3 prosent av inntektene og eit disposisjonsfond på under 5 prosent av inntektene har avgrensa handlefridom. Vågsøy- og Flora sine tal syner at dei har utfordringar på alle disse områda. De to Kinn-kommunane hadde ei samla langsiktig netto lånegjeld ved årsskiftet på 1,9 millionar kroner. Skal alle investeringsplanar gjennomførast blir denne lånegjelda auka til 2,8 milliardar i 2021, ein auke på 44 prosent. Dette er langt over det Riksrevisjonen definerer som sunn lånegjeld.