Opnar flytebryggeanlegget

Laurdag 20. oktober opnar heile turløypa rundt Deknepollvatnet for bruk når no også flytebryggeanlegget er ferdig.

No opnar heile turløypa rundt Deknepollvatnet for bruk ettersom flytebryggeanlegget er ferdig. Jørgen Blålid og resten av prosjektgruppa er glade for å kunne invitere til offisiell opning laurdag.  Foto: Marianne Solheim Rotihaug

Nyheter

Eldsjelene bak turløypa inviterer til offisiell opning laurdag.

Ordførar Kristin Maurstad (Ap) står for opninga, og det vil blir underhaldning frå Viltkoret og Skavøypoll skulemusikk. Alt skjer ved Storodden/Dalsneset.

Den nye turløypa startar ved Toyota, går inn til Dalsneset, kryssar Polljavatnet med ei flytebrygge over til Måløy Storsenter og tilbake til Kiwi. Området har vore mykje brukt, men har også vore vanskeleg tilgjengeleg for brukarane.

Ideen til turløypa kom i mars 2016, og rundt påske same år vart første spadetak tatt. Prosjektgruppa har med seg Geir Sandal AS som starta prosjektet med å lage ein 50 meter lang veg frå parkeringsplassen på Måløy Stormarked og ned til vatnet. Då den var på plass starta arbeidet med flytebrygga som kryssar vatnet over til Dalsneset. Denne fekk ein 550.000 kroner til i tippemidlar, men sjølve brua ut til flytebrygga er bygd på dugnad.