Vil vere med i Kinn

– Om eg ikkje ser at Bremanger på sikt blir ein del av Kinn, trur eg at eg vil arbeide for grensejustering, seier Torbjørn Øvrebotten.

Torbjørn Øvrebotten (f.v.) Åsmund Berthelsen, Nina Seljestokken, Elisabeth Nordbotten, Tone Seljestokken med Sverre på armen, Flora-ordførar Ola Teigen, Bremanger-ordførar Audun Åge Røys, Alex Mannaart og Marion van Eck var blant dei som var på møte som Botnane og Årebrot grendelag arrangerte søndag.  Foto: Magni Øvrebotten

Nyheter

Han bur i Botnane, som ligg på grensa til Flora, i utkanten av Bremanger. Han fortel at den vesle bygda, sjølv om den ligg i Bremanger, alltid har følt seg mest knytt til Flora som snart går inn i Kinn kommune saman med Vågsøy.