Trur ny analyse styrker sjansane til sambandet

Styreleiar Magne Løvoll i Rovdefjordsambandet AS meiner den nye trafikkanalysen viser viktigheita av å få på plass sambandet snarast mogleg.

Rovdefjordsambandet består av ei fylling og ei flytebru som tar trafikantane vidare ned i verdas første røyrtunnel. Illustrasjon: Vanylven Utvikling/Firegrader 

Nyheter

– Dette er ei svært god analyse for oss. Den femnar om at fylkesveg 61 er eit godt grunnlag for vidare trafikkutvikling. Vi ser stor trafikk på strekninga Ålesund-Florø, og dette er ein magnet som gjer at det er viktig å få på plass dette sambandet, seier Løvoll.