Elevane jobbar for å skape draumeskulen

Ved Måløy vidaregåande skule i Vågsøy er elevane sjølve med på å skape «Drømmeskolen» – ein skule der samhaldet er sterkt og miljøet godt.

Inga Marie Bjørneset, miljøkoordinator saman med sju av elevmentorane, Oline Challen, Amalie Klævold, Mathilde Isabell Gundursdottir Haug, Henriette Ramsevik Kvalheim, Rikke Otneim, Julie Flataker og Antonie Nygård Barmen framfor vaffelbordet.  Foto: MVS

Nyheter

«Drømmeskolen» er ein tiltaksmodell for psykisk helse og psykososialt læringsmiljø i skulen, og elevmentorar har ei sentral rolle i arbeidet for å skape ein endå betre skule.