Inviterer til internasjonal fest

Eid vaksenopplæring inviterer til internasjonal fest tysdag 6. november i operahuset.

Vaksenopplæringa i Eid inviterer til internasjonal fest på tysdag.  Foto: Eid vaksenopplæring

Nyheter

– Det blir ein kjempekjekk kveld, med internasjonal mat og underhaldning. Det blir song og dans frå fleire av landa som er representerte i vaksenopplæringa, og dei vil òg by på matrettar frå landa sine, fortel Janne Endal Andersson hos Eid kommune.

Årets arrangement har blitt flytta til operahuset, då det vart smekkfullt på Kyrkjetunet i fjor.

– Dette er så alle som vil skal få plass, seier Andersson, og legg til at det ikkje berre er for folk frå Eid.

– Alle som vil kan ta turen, og eg håpar at mange barnefamiliar òg vil ta turen, seier ho.

I tillegg til song og dans vil det òg bli heldt lotteri til inntekt for Unicef, og artisten Oselie vil òg opptre.