Ny leiar trur på auka aktivitet

Nye krav til sertifisering for å føre større båtar og arbeidsbåtar i oppdrettsnæringa, gjer at Eivind Birknes, ny leiar av Sikkerheitssenteret, førebur verksemda på auka aktivitet.

Ny leiar Eivind Birknes (t.v.) og avgåande leiar Svein Holvik på brygga utanfor Sikkerheitssenteret der ein del av utstyret til verksemda er plassert. Strategien sidan starten i år 2000 har vore å bruke overskotet frå dei ulike tryggleikskursa til å kjøpe utstyr. Alle foto: Jørn-Arne Tomasgard 

Nyheter

– Det er Sjøfartsdirektoratet som frå nyttår innfører sertifikat for å føre oppdrettsbåtar, samt nye krav for å føre større fiskebåtar. Dette har samanheng med at båtane i fiskeriflåten blir stadig større og meir moderne, og oppdrettsnæringa opplever vekst med stadig fleire båtar. Det er viktig å ivareta tryggleiken, ein ser der er eit behov, seier Birknes.