Vart inspirerte av kor-tur til Oslo

Måløy Soul Children var med på Soul Children-festival i Oslo førre helg. Det var ei helg til glede og inspirasjon.
Nyheter

I alt 2200 deltakarar var med i årets Soul Children-festival i Oslo, der Oslo Soul Children og Oslo Soul Teens var vertskap. Måløy Soul Children var med på moroa, og for dei vart det ein kjempefin tur.

– Vi hadde ein kjempefin tur! Festivalen var ei stor oppleving og gav oss mykje inspirasjon!, skriv Marte-Iren Lade frå Måløy Soul Children i ein epost.

Under festivalen fekk dei oppleve fleire konsertar i Oslo Spektrum, pluss at dei var med i eit digert festivalkor, som òg hadde konsertar på Universitetsplassen og under ein festgudsteneste i Spektrum.

Lade skriv vidare at dei har med seg masse songar og inspirasjon tilbake til Måløy, og at dei gler seg til å øve i lag og til å opptre i nærområdet.

Soul Children vart starta opp i 2001, og i dag finns det over 200 slike kor i Norge og i 10 andre land rundt om i verda.