Desse får leiarstillingane i Stad

Stad kommune har tilsett kommunalsjefar, stabsleiarar og rådgjevarar.

Den einaste leiarstillinga som har vore utlyst internt i Eid og Selje, er kommunalsjef for helse og omsorg. Det var ein søkjar til stillinga, og Barbro Longva blir kommunalsjef frå 1.1.2020. Foto: Janne Weltzien Listhaug 

Nyheter

Det har vore gjennomført kartleggingssamtale og intervju av alle kommunalsjefar og stabsleiarar i Eid og Selje kommunar i høve innplassering i stillingane som kommunalsjefar og stabsleiarar i Stad kommune frå 1.1.2020. Berre ei stilling har vore lyst ut internt, og dette er stillinga som kommunalsjef for helse og omsorg, og det var ein søkjar til stillinga.