Har aldri teke imot meir makrell på så kort tid

80 prosent av all makrell som nordmenn et til frukost gjennom Stabburet si kjende merkevare Makrell i tomat vert levert fra Pelagia Selje i Moldefjorden. Og meir makrell frå fabrikken blir det. Oktober blei ein rekordmånad for bedrifta.

Pelagia Selje hadde ein hektisk oktober. – Vi har teke imot rekordstore kvantum. Tendensen er at sesongen blir stadig meir konsentrert, seier fabrikksjef Asbjørn Bøstrand. Alle foto: Jørn-Arne Tomasgard 

Nyheter

 – Vi har aldri fått inn så store kvantum i løpet av så kort tid som vi gjorde sist månad, seier Asbjørn Bøstrand i Pelagia Selje. Selje-bedrifta produserer om lag 80 prosent av makrellen til «Makrell i tomat» frå Stabburet.