Investerer 12 millionar i servicehall med verkstad og drivstoff

Stad Drivstoff AS har opna eige drivstoffutsal på den øvre tomta hos Stad Næringspark. Dette er eit nytt selskap starta av familien Drage, og er ein del av ein større investering.

Familien Drage har starta det nye selskapet Stad Drivstoff AS som har sørga for at Leikanger igjen har drivstoffutsal i bygda. Dette er ein del av ein større investering for familien, som frå før driv Drage Transport og Stad Maskin. Planen vidare er å få bygd ein servicehall med kontordel som kan samle verksemdene til det som vil bli eit konsern. På bildet er Tone Beate Hoddevik Drage og sonen Hans Ole Drage. Tone Beate og mannen Werner driv Drage Transport, mens Hans Ole driv Stad Maskin.  Foto: Privat

Nyheter

– Anlegget vi har no er midlertidig mens ei større tomt i næringsparken blir omregulert. Vi venter berre på klarsignal frå kommunen, så vil vi setje i gang med bygging, fortel Tone Beate Hoddevik Drage til Fjordenes Tidende.