Sjå Birgitte sanke sauer på barne-TV

Birgitte Vik Gloppestad (5) frå Ervik er med i årets Klart eg kan. Ho kjem frå ein gard med mange sauer og er endeleg stor nok til å få vere med på sauesanking.

Birgitte Vik Gloppestad frå Ervik er med i tysdagens eisode av Klart eg kan. Foto: NRK 

Nyheter

Dokumentarserien Klart eg kan byr i år på sprenging av fjell, viltre kalvar og første flytur utan mamma. I den femte episoden møter sjåarane Birgitte på fem år som skal vere med på sauesanking for første gong. 

Det er bratt å gå, og på vegen ser dei ørn. Birgitte håpar dei finn alle sauene, og ikkje minst favorittlamma Tulla og Rulla, heiter det i ei pressemelding.

Episoden blir vist på NRK Super tysdag, og er også å finne i nettspelaren til NRK Super.

Birgitte på sauesanking er ein av totalt åtte historier som er med i årets sesong av den populære dokumentarserien Klart eg kan. Sjølv om det er stor variasjonen i kva utfordingane borna møter er det også mykje som er likt. Serien viser born sin kvardag utanfor dei store byane. Det er ekte ungar i ein ekte og spanande kvardag og det vert snakka nynorsknære dialekter.

Meistring er den raude tråden i Klart eg kan. Serien som vert vist i barne-tv på NRK Super er fylt av meistringsglede og draumar som går i oppfylling.

NRK Sogn og Fjordane har produsert Klart eg kan sidan 2010. Det er laga nær 100 episodar og serien som har gode sjåartal i NRK Super sin nettspelar. Prosjektleiar Kjellrun Lavik trur ein av grunnane til at serien har kunne leve så lenge, er mange born kan kjenne seg att i det som skjer dei ulike episodane.

Borna som er med i Klart eg kan er mellom 5-9 år. Dei viser oss eit nær bilete av sin kvardag og fortel om kva dei gler seg til og er spente på. Serien har som mål å prøve å inspirere sjåarane til å prøve og nå sine mål og draumar.